Musikkinstrument i Sogndal sidan 1987
Loftet har hjelpt folk finne tonen sin i snart 40 år.

Siste sommarope 29.–31. juli
Me opnar dørene i Fjørevegen 3 tre dagar til — onsdag til fredag, kl. 12–15. Er du i Sogndal desse dagane, bør du ta deg ein tur innom. Stort utval instrument og utstyr til gode prisar — gitarar, bassar, ukuleler, trommer, forsterkarar, keyboard, kablar, stativ og mange andre spennande saker.
Sogndal
Sal og utlevering etter avtale
Sending
Over heile Noreg
Jan-Rolv starta Loftet i 1987. I nesten førti år var butikken ein fast del av Sogndal — ein stad der folk kom for å prøve gitarar, spørje om munnspel, eller berre slå av ein prat om musikk.
No driv Pål Olav og Silje vidare. Ikkje heilt likt, men med same grunnideen: gode instrument, ærleg rettleiing, og tid til folk.
Les meir om oss →Me har ikkje faste opningstider. I skuleferiane opnar me dørene i Fjørevegen 3 for pop-up-sal. Ellers sel me ved avtale — send ein e-post, so hjelper me deg.
Me sender over heile Noreg. Vil du prøve før du kjøper? Stikk innom neste pop-up, eller gjer ein avtale.
«Pål Olav og Silje gjer det på sin måte» — Sogn Avis om Loftet og vegen vidare.
Kva me har
Me vel ut kvart instrument sjølve. Gitar, munnspel, ukulele — me har det meste for deg som vil spele, anten du er fersk eller har halde på i årevis.
Nettbutikk er på veg. Inntil vidare — send oss ein e-post so hjelper me deg.