Behandlingsansvarleg

Loftet Musikk AS Org.nr: 836 717 392 E-post: post@loftet.no

Kva personopplysingar samlar me?

Ved kjøp i nettbutikken samlar me:

  • Namn og adresse – for levering av vara
  • E-postadresse – for ordrebekreftelse og kommunikasjon
  • Telefonnummer – for levering og kundeservice
  • Betalingsinformasjon – handterast av Zettle (me lagrar ikkje kortdetaljar)

Kvifor samlar me dette?

Me samlar personopplysingar for å:

  • Levere vara du har bestilt
  • Sende ordrebekreftelse
  • Handtere eventuelle returar og reklamasjonar
  • Svare på spørsmål frå deg

Behandlingsgrunnlag: Oppfylling av avtale med deg (GDPR art. 6 nr. 1 b).

Kven deler me opplysingar med?

  • Zettle – betalingsløysing
  • Posten/Bring – levering av pakkar
  • Fiken – rekneskapsføring (lovpålagt)

Me sel eller deler aldri opplysingar med tredjepartar for marknadsføring.

Kor lenge lagrar me?

TypeLagringstid
Ordrehistorikk5 år (bokføringslova)
Kundeservice-korrespondanse2 år
Etter lagringstidSletta

Dine rettar

Du har rett til:

  • Innsyn – få vite kva opplysingar me har om deg
  • Retting – korrigere feil opplysingar
  • Sletting – be om sletting (med unntak for lovpålagt lagring)
  • Klage – til Datatilsynet viss du meiner me bryt reglane

Kontakt post@loftet.no for å bruke rettane dine.

Informasjonskapslar (cookies)

Me brukar ikkje sporing eller analyse-cookies. Zettle set teknisk nødvendige cookies når du brukar betalingsløysinga.

Endringar

Denne erklæringa vart sist oppdatert 07.01.2026.